Nyheter/Moster 2024: Kjærleik og mørke

Moster 2024: Kjærleik og mørke

Eg var så heldig å få vere med og feire 1000-års jubileet for kristenretten på Moster.

Eg var så heldig å få vere med og feire 1000-års jubileet for kristenretten på Moster. Det var ei flott helg på mange måtar, det var fellesskap, bøn, verdisamtalar, lovsong i Moster Amfi, norgeshistorie, Christian Radich med pilegrimar, økumenisk gudsteneste og mykje anna.
            Å delta på Moster har fått meg til tenke på dette med arv. Vi har alle fått arv frå foreldre og slekt gjennom DNA som gir form og farge til utsjånad og personlegdom. Bak i slektsrekka finst slektningar vi er stolte av, men òg det motsette. Bror min er historikar og har forska mykje på slekta vår på farssida. Han har funne litt av kvart, mellom anna at ein oldefar var seglskutebyggar. Det er spanande liv og skjebnar, ein del vonde.
            Mange av handlingane til våre farfedrar, vikingane, er ikkje mykje å skryte av, som steling, valdtekt, slavehandel, mordbrann og drap. Byar og gardar i England og på kontinentet låg aude etter herjingane deira mens røyken steig mot himmelen. Frå om lag 800 til ut på 1000-talet dreiv dei på, og kom tilbake år etter år. Tenke seg redsla folk som budde langs englandskysten må ha kjent når dei nok ei gong såg segla på langskipa nærme seg, segl som ofte var dekorert med skremmande dyr. Folk visste om kva som venta, og mange sleppte det dei hadde i hendene og sprang for å kome unna.
            Overalt i verda der det er eller har vore krig, er denne redsla dessverre kjent.Likevel kan noko av det vikingane gjorde, imponere oss, mellom anna evna til å navigere og kunsten å bygge skip. Skipa tok seg fram over lange strekker med ope hav, og dei tolte vind, ramsalt vatn, bølgjer og storm. Vikingskipa var solide, og kunnskapen blei også brukt til å bygge stavkyrkjer, som står den dag i dag med sine berømte utskjeringar (til dømes Urnes stavkyrkje i Luster, den eldste i landet, påbegynt på 1000-talet. Her finst ein Kristus-figur med kongekrone og ikkje tornekrone, som seinare blei vanleg i kyrkjene). Vikingane var dyktige handverkarar, dei smidde våpen og smykke, og laga segl til skipa. Dei var reisande folk, og Olav Haraldsson, som vi feira på Moster, var ute og reiste i 10 år til saman. Sjølv om mange av reisene dreidde seg om å plyndre og drepe, føregjekk det òg handel og forhandling om makt ved å skaffe vener og allierte.
            Nettopp skipsbygging, skipsfart og handel har vore grunnlaget for mykje av Norges rikdom før oljen blei funnen i Nordsjøen. Det er altså ein sterk arv vi nordmenn har gjennom vår historie.

 Då eg var 21 år, døydde far min brått og uventa. Meir enn 12 år etter hans død, dukka det opp ein ukjent arv etter han i form av nokre obligasjonar. Mor gav denne arven til oss tre søsken. Eg hadde nyleg blitt kristen, og ønska å reise til New Zealand for å ta ein DTS (disippeltreningsskule gjennom Ungdom i oppdrag), men mangla pengar. Obligasjonane mine hadde ein verdi på 30.000 kr, og eg kunne dermed ta med sonen på 4 år til andre sida av jordkloten. Det blei starten på eit eventyr med Jesus, som enno held fram. 
            Å vere på Moster første helga i juni, var som å få ein uventa arv opp i hendene. Å få høyre at det at den kristne kong Olav Haraldsson gjekk i land på Moster og heldt ting for tusen år sida, har vore medverkande til at vi lever så godt i dag, var betydingsfullt for trua. Kristenretten har vore ei enorm velsigning for menneske ved at han mellom anna fekk slutt på tvangsekteskap, som ein del land strevar med den dag i dag, at det blei forbode å setje barn ut i skogen, at slaveriet blei oppheva og at kyrkja fekk stor innflytelse i samfunnet. Kristenretten, som Magnus Lagabøtes lov og seinare grunnlova bygde på, tok omsyn til dei svake, som barn, kvinner og fattige. Akkurat som evangeliet.
            Det er ikkje alt i fortida vi nødvendigvis er stolte av, men kristenarven er noko av det vakraste vi har. Det er ein rik arv gitt av nåde. Velsigna er vi er som har denne rike arven, som også kom som eit resultat av at mange har kjempa for det gode gjennom alle desse åra.
            Den jødiske forfattaren Amos Oz har skrive ein roman som heiter «En fortelling om kjærlighet og mørke», der han skildrar sin eigen og familiens, og samstundes Israels, historie.
            Det er det eg tenker at også vår historie handlar om – kjærleik og mørke. Som kristne veit vi at arven frå Jesus er at lyset vinn over mørket, og at hans kjærleik er den sterkaste kraft som finst. Denne krafta kom som ein vind av nåde til Norge trass i vikinganes vonde handlingar, gjennom kongar og menneske som vendte om.
            Vi kan difor med frimod og glede ta i mot, omfamne og bruke vår kristne arv til å velsigne andre.

 Siv Peersen

Powered by Cornerstone